Etter å ha vore ein ivrig interiørbloggsnoker i mange år, er det på tide å lage sin eigen virtuelle lagringsplass.
Vi har kjøpt vårt første krypinn i TT-31 i Oslo by, som eg lenge har sikla etter å innrede.
Bloggen vil i hovudsak bestå av innreiing, og om eg kjenner meg sjølv rett også reinnreiing. I tillegg vil eg samle på inspirasjon og ideer som eg fell for. Eg har til no lagra litt bilder her og der, samla på fargeprøver og lagd litt kaos i topplokket, slik at gode ideer svinner hen. Så no tek eg hoppet over i den virtuelle verda, og slår eit slag for digital scrapbooking.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar